Archive for februar 2010

h1

animasjon :)

februar 16, 2010

Eg, Hedda og Siri har laga ein animasjonsfilm på www.goanimate.com. Temaet for filmen var korleis innvandrar vert skeivt framstilt i media og konsekvensane av dette.

Enjoy 🙂

h1

Demokratiutvikling

februar 2, 2010


Problemstilling : Kva rolle har media i demokratiutvikling?

Gjennom det siste tiåret har demokratiet som idé og styreform oppnådd ein nesten udiskutabel plass i det internasjonale samfunn. Å byggje eit velfungerande demokratisk system er ein arbeidskrevjande og  tidskrevjande prosess som krev ei ekte forplikting frå både nasjonale politikarar og det internasjonale samfunn. (http://www.oslocenter.no/index.php?option=com_content&task=blogcategory&id=18&Itemid=51&lang=no)

Ytringsfrihet, informasjonsfrihet og trykkefrihet er grunnelementer i et demokrati. En fri, uavhengig presse er blant de viktigste institusjonene i demokratiske samfunn.”
( http://presse.no/Spesial/Skjulte_artikler/VER+VARSAM-PLAKATEN.b7C_wtrY7V9hRzGX8.ips )

Frie medium er ein føresetnad for eit demokratisk samfunn. Ytringsfridommen er ein viktig grunnleggjande menneskerett i eit demokratisk samfunn. Den handlar om både retten til å ytre seg og om retten til å få informasjon.  Pressefridommen gjer ytringsfridommen mogleg. (Asbjørnsen m.fl. 2007, s. 109)

I eit folkestyre er den frie medieutvekslinga og det at folket får velje leiarane sine på frie grunnlag viktige grunnsteinar.  Media vert kanalen for den offentlege debatten.
(Asbjørnsen m.fl. 2007, s. 109)

Alle har rett til meinings- og ytringsfridom. Denne retten omfattar fridom til å hevde meiningar utan innblanding og til å søkje, få og meddele opplysningar og idear gjennom alle meddelingsmiddel og utan omsyn til landegrenser.”
(Artikkel 19 i FNs menneskerettsfråsegn)